Oppretting av Alarmsentralen Sogn og Fjordane.

MaalfridVårt dekningsområde er Sogn og Fjordane , totalt 24 kommunar. Kommunane som ikkje er med er Solund og Gulen som grensar mot Hordaland. 

Til saman i desse kommunane er det over 800 brannfolk i beredskap, fordelt på 24 hovudstasjonar .
 
Alle innbyggarar i Noreg skal ved akutt naud kunne ringe eit av naudnummera 110,112 eller 113. Kommunane er pålagt å ha brannmelding 110 som skal takle hendingar som brann - ulykke og akutt forureining. 110 sentralen må vere bemanna 24 timer i døgnet 365 dagar i året.

Alarmsentralen i Sogn og Fjordane blei oppretta i 1982 og var då eit samarbeid mellom kommunane og Televerket ved at sentralen blei bemanna og delvis lønna med televerkspersonell. 01.06.1994 blei dei tilsett overført frå TNM (Televerkets Nye Muligheter) til Alarmsentralen Sogn og Fjordane.
Då Alarmsentralen blei oppretta var tilrådingane frå staten at sentralen kunne drivast med 1 person på vakt. Hovudoppgåva var mottak av 110 brannmeldingar og utkalling av brannvesen ved hjelp av tyfon.
Frå og med 01.01.2007 Har sentralen vore bemanna med 2 operatørar heile døgnet. 

Samlokk: I desember 2007 Blei Alarmsentralen og Politiet i Sogn og Fjordane samlokalisert som ein av dei første sentralane  i Noreg. Det var eit nært og godt samarbeid som handterte nokon av dei største hendingane som Noreg har hatt i den seinare tid: Det kan nemnast: Uværet Dagmar i 2011, tunnelhendingane Gudvanga 1 og 2, samt brannen i den undersjøiske skatestraumtunnelen der ein tank med 16500 liter bensin har tatt fyr og eksplodert. Sentralane opplevde og å styre brannen i Lærdal der store delar av sentrum blei råka. 60 bygningar blei råka og 42 bygg blei totalskadde.

I 2017 blei det skilsmisse mellom 110 og 112 i Sogn og Fjordane. Politiet sin 112  operasjonssentral blei flytta til Bergen. Eit 10 år gammalt samarbeid var over.

Frå 01.02.2021 blei naudmeldetenesta 110 og utalarmering av brannvesen flytta til 110-Vest, Bergen. Alarmsentralen IKS skal halde fram som eit respons og kompetansesenter for sine eigarkommunar. Då med hovudvekt på tryggleiksalarmar og velferdsteknologi. Vidare vil sentralen halde fram med mottak og formidling av automatiske alarmar som Brann - Heis - og andre tekniske alarmar.