brannbil

Tilknyting av automatiske alarmer mot Alarmsentralen 

Alarmsentralen har utstyr for mottak som gjer at kunden har fleire alternative løysingar han kan velje mellom når han skal knytte seg opp. Dette er :

Overvaka linjer

Det er 1 firma i Noreg som leverer overvaka linje. Dette er AddSecure (tidlegare Securinet og SafeTel som fusjonerte i 2014). AddSecure har eiga heimeside der du kan finne opplysningar om kva produkt dei leverer og pris.

Overvaka linje bør nyttast for å trygge overvakinga.

Ved bruk av overvaka linje vil eventuelt brot mellom kunde og ALSF bli oppdaga ved at vi får opp feilmelding på skjermen på alarmsentralen. Dermed kan vi varsle kunden som kan iverksette andre tiltak til feilen er retta.

Korleis etablerer ein overvaka linjer:
  1. Ta kontakt med Alarmsentralen ved dagleg leiar for å opprette eit kundeforhold og eventuelt få naudsynt informasjon.
  2. Du kan og få nyttig informasjon gjennom din lokale elektromontør. Eller det firma som har service på ditt varslingsanlegg .

 

Del denne siden:

Del på Facebook Del på Twitter Del på LinkedIn

Alarmsentralen IKS

Strandavegen 13
6905 Florø

Kontakt:

Tlf: 57 75 15 00
Epost: trygg@alarmsentralen.com

 
Personvern

Innhold © Alarmsentralen Sogn og Fjordane. Webdesign © 2007-2023 av Web Norge.