Alarmsentralen IKS

Alarmsentralen IKS er eit interkommunalt selskap oppretta i 1982 for kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane. Alarmsentralen er eigd av 17 kommunar i dagens vestland fylke.

 

Føremål

  • Alarmsentralen sitt føremål er å vere eit respons-, tryggleiks-, og kompetansesenter for deltakarkommunane.
  • Selskapet skal sikre gode teneste for innbyggjarane i kommunane prega av kvalitet, tryggleik, kunnskapsbasert og einskapleg behandling, tilgjengelegheit, service og god brukaropplevd kvalitet.


Alarmsentralen sine oppgåver er mellom anna

  • Å vere eit respons- og kompetansesenter innan tryggleiksalarmar og velferdsteknologi, herunder:
    • Mottak og formidling av alarmar.
    • Felles innkjøp og levering av tryggleiksalarmar og velferdsteknologi.
    • Samkøyring av rammeavtale som omhandlar innkjøp av velferdsteknologi.
    • Kompetansesenter for opplæring og deling av kunnskap.
    • Andre tilstøytande oppgåver.
  • Utføre mottak og formidling av tekniske alarmar (automatiske brannalarmar, innbrotsalarmar, heisalarmar og andre tekniske alarmar) for deltakarkommunane samt private aktørar som ynskjer å knyte seg til sentralen.

 

Alarmsentralen IKS

 

Alarmsentraloperatørar i vakta

  • Det er til einkvar tid 2 operatørar/sjukepleiarar på arbeid