Mai 2024

Utgåve 02 Mai/2024, skrevet for Alarmsentralen IKS av Inger Elise Grotle

 

Alarmsentralen IKS lanserer ny Heimeside

I midten av Juni lanserer Alarmsentralen IKS ny heimeside. Beate Kalland har hatt dette som hovudoppgåve dei siste månadane og vi gledar oss til at de kan sjå resultatet. Det har blitt lagt ned eit stort arbeid som vi er stolte over å presentere. Vi håper mange tar turen innom og kom gjerne med tilbakemelding om kva de synes. 

Bilde av heimesida til alarmsentralen - Klikk for stort bilete

 

Lifeline Digital 4G tryggleiksalarm

Hausten 2023 starta arbeidet med å skifte ut «dei gamle» tryggleiksalarmane. Årsaka til utskiftinga er at Telenor byggjer ned 2G nettet som desse alarmane brukar og tryggleiksalarmane må over på 4G nettet.

Roy Humlestøl på Alarmsentralen har styrt framgangen opp mot kommunane og Oddbjørn Aune har gjort det praktiske i forhold til programmering og utkøyring til våre eigar kommunar. Det er god framgang i prosessen. Vi vel å ta ei pause med utlevering no før sommarferie avviklinga. Resterande kommunar vil få utlevert dei nye tryggleiksalarmane hausten 2024.

 

Rammeavtale velferdsteknologi

Den eksisterande Rammeavtale velferdsteknologi som blei inngått med NetNordic Norway AS 9 februar 2021 går ut 8 februar 2025. Vi har no starta ny anbodsprosess saman med våre eigar kommunar. 

Alarmsentralen IKS har valt å bruke Innkjøpskontoret til å lede dette prosjektet og Arne Hvidsten frå dei blir prosjektleiar. Kommunane deltek gjennom rådgjevande faggruppe med representantar frå kvar region; Nordfjord, Sunnfjord, HAFS og Sogn. Planlagt utlysing hausten 2024.

 

Brukarmøte for våre eigar kommunar

Dei siste åra har vi hatt brukarmøte saman med leverandør på Skei. Det har vært vellykka samlingar og vår noverande leverandør NetNordic Norway har vært positive og hatt eit ynskje om å delta.

I november ynskjer vi å arrangere eit ordinært brukarmøte utan leverandør påverking i Florø. Der vil vi i hovudsak ha fokus på Lifeline Digital tryggleiksalarm og digitale tilsyn som kan gå gjennom desse. I tillegg ynskjer vi tilbakemelding frå dere på tema som er aktuelle å ta opp i fellesskap på møtet.

For både nye og gamle blir det mogelegheit for omvising på Alarmsentralen. Det er kjekt for våre operatørar å få helse på dere som jobbar ute i dei ulike kommunane. Vi kjem tilbake med eksakt tidspunkt, program og påmelding rett over sommarferien.

 

bilde av ei sandstrand og solbriller - Klikk for stort bilete

Sommarferien står for tur!

Sommar betyr ferieavvikling, både her på Alarmsentralen og ute i våre eigar kommunar. Her på Alarmsentralen er vi heldige i år og har fleire kjende ferievikar. Vi er glade for at tidlegare vikarar har lyst å komme tilbake år etter år. Det gjer avviklinga av ferie lettare og vikarane er godt opplærde.

Minner om viktigheita av at dere har tilsette med rette tilgangar og opplæring i NetNordic omsorg tilgjengeleg til ein kvar tid gjennom sommaren. Om nokon har behov for opplæring eller oppfriskning må dere ta kontakt så avtalar vi tid for gjennomgang over teams.

 

Anna informasjon

Vi kan melde om at nettbutikken til NetNordic Norway blei tilgjengeleg i april 2024. Nå kan alt av velferdsteknologi bestillast der

Kontaktperson for Rammeavtale velferdsteknologi er Ina Marie Brentebråten-Gulbrandsen i NetNordic Norway.  På Alarmsentralen IKS er det Inger Elise Grotle som er kontaktperson

 

God sommar til dere alle!

 

Kontakt

Terje Brandsøy
Dagleg leiar
E-post
Telefon 57 75 14 10
Mobil 91 61 28 95
Roy Humlestøl
Teknisk Ansvarleg
E-post
Telefon 57 75 15 15
Inger Elise Grotle
Fagansvarleg for tryggleiksalarmar og velferdsteknologi
E-post
Telefon 57 75 14 17
Mobil 90 66 82 07