Utgåve 03 September/2024, skrevet for Alarmsentralen IKS av Inger Elise Grotle
Brukarmøte i Florø, 24. September
Vi har sendt ut invitasjon til Brukarmøte i Florø 24 september med hovudtema Lifeline Digital og velferdsteknologi knytt til desse. Invitasjonen er sendt til administrativ og teknisk kontaktperson, i tillegg til kommunalsjefane. Endeleg program blir sendt ut når datoen nærmar seg. Påmeldingane er begynt å komme og vi håpar å sjå representantar frå alle våre eigar kommunar i Florø denne dagen!
Lifeline Digital 4G tryggleiksalarm
Det er god framgang i bytte frå CareIP Mobile tryggleiksalarm til Lifeline Digital tryggleiksalarm og Velferdsteknologi tilhøyrande desse. Per i dag er det kun 2 av våre 17 eigar kommunar som ikkje har fått utlevert den nye tryggleiksalarmen.
Lifeline Digital TryggleiksalarmOddbjørn har god framgang i arbeidet med å programmere Lifeline Digital til desse kommunane og det blir avtala med kvar enkelt når det er klart for overlevering.
Slik det ser ut per i dag blir vi ferdige med prosessen i god tid før utgangen av 2024. God jobba av alle!
Rammeavtale velferdsteknologi
Den eksisterande Rammeavtale velferdsteknologi som blei inngått med NetNordic Norway AS 9 februar 2021 går ut 8 februar 2025. Vi har no starta ny anbodsprosess saman med våre eigar kommunar. Alarmsentralen IKS har valt å bruke Innkjøpskontoret til å lede dette prosjektet og Arne Hvidsten frå dei blir prosjektleiar. Kommunane deltek gjennom rådgjevande faggruppe med representantar frå kvar region; Nordfjord, Sunnfjord, HAFS og Sogn. Planlagt utlysing hausten 2024.
Rapportar i NetNordic omsorg plattforma
Operatørar i arbeidVi får ein del henvendelsar frå dere om statistikk i forbindelse utløyste tryggleiksalarmar og årsak til at dei er utløyste.
Svaret på desse spørsmåla kan de finne i rapportar i NetNordic plattforma med tenesteadministrator tilgang. Når ein har hatt ein gjennomgang på korleis bruke rapportar kan det være nyttig i fleire samanhengar og ikkje berre for å svare ut ulike spørsmål.
Om de ynskjer ein slik gjennomgang i di kommune ta gjerne kontakt med Inger Elise så avtalar vi ein gjennomgang på teams. Inger Elise set av 45 minutt til økta.
Vedlikehaldskoffert
Vedlikehaldskofferten med utstyr for å skifte batteri i alarmknappar treng fornying når vi har gått over til Lifeline Digital. Oppdatert rutinar og utstyr blir sendt ut iløpet av hausten. Forbruksmateriell bestiller dere sjølv i Webshop.
Webshop for å bestille Velferdsteknologi frå NetNordic Norway
Webshop for bestilling av Velferdsteknologi over rammeavtala har nå vært i drift sidan april i år. Det er vår kontaktperson i NetNordic Ina Brentebråten som gir tilgang der. I utgangspunktet fekk ho oversendt kontaktinformasjon til alle administrative og tekniske hovudkontaktpersonar i kvar kommune slik at dei fekk tilgang. Kven i di kommune som skal ha tilgang utover dette er opp til kvar enkelt kommune og ein kan henvende seg til Ina skriftleg på e-post for å be om tilgang til dei som har behov for det.
Verdt å merke seg: Sjølv om det står «ikkje på lager» i Webshop skal dere leggje innbestilling. I følgje Ina i NetNordic står dette på alle varer og utstyr frå ekstern leverandør.
Dersom det er behov for veiledning og hjelp til bestilling via Webshop må dere gjerne ta kontakt med Inger Elise på Alarmsentralen IKS så hjelper ho dere.
Anna informasjon
Nettbutikken til NetNordic Norway blei tilgjengeleg i april 2024, alt av velferdsteknologi bestillast der
Kontaktperson for Rammeavtale velferdsteknologi er Ina Marie Brentebråten-Gulbrandsen i NetNordic Norway.
På Alarmsentralen IKS er det Inger Elise Grotle som er kontaktperson
God haust til dere alle!