Medisindispensar

Ein medisindispensar sørgjer for automatisk utlevering av medisindosar. Dermed blir medisinar alltid utleverte til rett tid, og i rett dose. Brukaren av dispensaren blir varsla når medisinen er klar, og helsepersonell blir varsla dersom dosen ikkje blir teken. Dette gjer det enkelt for helsepersonell å følgje med på brukargruppa si og gjennomføre tilsyn dersom det er nødvendig. Dispenserane kan route varslingar til både NNO App og Alarmsentralen.

Karie

Karie er ein nett dispenser tilpassa brukaren, med ansiktsgjenkjenning og pasientens namn på skjermen. Pasienten sin medisinplan blir automatisk overført frå apoteket, og sikrar rett tidspunkt for utlevering av doser. Ved reise er dispensaren lett og har ei batteritid på opptil 24 timar. Dispensaren viser på stor skjerm når medisinen skal takast, og lager både lys og lyd på det aktuelle tidspunktet. Med ein stor trykkflate er det enkelt for pasienten å få ut medisinane sine. Posen fell ned, og pasienten opnar sjølv posen for å ta dosen sin. Det er også mogleg å tilpasse lyd og lys. Karie sparar verdifull tid for helsepersonell ved rask bytte av doser, og kjem med to kassetter for effektivitet.

Les meir om Karie

Mobili

Mobili er en moderne, sikker dispenser som er liten og enkel å ta med seg. Mobili er en norskutviklet, mobil medisindispenser designet for å gjøre medisinhåndtering enklere og tryggere – både for brukeren og helsepersonell. Utviklet av MedThings AS og produsert i Fredrikstad, sikrer Mobili at riktig pasient får riktig medisin til rett tid.

Mobili benytter en digitalt engangskassett som man fyller og knytter til den gitte pasienten, slik at medisinen umulig kan installeres i feil dispenser. Når det er tid for neste dose, varsler Mobili brukeren med lyd og lys. Dersom medisinen ikke tas innenfor det definerte tidsvinduet, sendes et varsel til helsepersonell

 Les meir om Mobili

Evondos E300

Evondos sikrar medisinhandsaming ved å hjelpe tenestemottakar til å alltid ta riktig medisin i forskriven dose til rett tid. Tenesta brukar ferdigpakkede multidosar frå apotek, les administreringstida frå posens tekstfelt og opererer deretter. Evondos-tjenesta er kompatibel med alle multidosar på marknaden. Evondos gir veiledning til å ta medisinar med munnlege instruksjonar, lydsignal og skriftlege instruksjonar på einhetens skjerm med indikatorlys. Om brukaren ikkje tar ein dose, flyttar roboten den ubrukte dosen til ein låst medisinbehaldar for å oppretthalde medisinsikkerheita. Roboten varslar helse- og omsorgsorganisasjonen om hendinga, som også blir logga i systemet. Berre helsepersonell har tilgang til innhaldet i den låste medisinbehaldaren. Den er universelt utforma, 24 timars batteritid og påminning om annan medisin.

Tjenestemottaker brosjyre (002).pdf

Les meir om evondos

Carousel Advanced

Careousel kommuniserer med tryggleiksalarmen Lifeline IP 4G Smarthub. Denne automatisk medisindosetten minnar brukaren på å ta medisinen ved lydsignal og/eller blinkande lys. Den leverer rett dose til rett tidspunkt og hindrar brukaren frå å få tilgang til andre tablettar. Medisinen er dosert i ein kassett med opptil 28 rom og kan gi opptil 24 påminningar per dag. For å ta medisinen held ein dosetten opp ned og heller tablettane i handa eller i ei skål. Når dosetten vert snudd opp ned, blir påminninga deaktivert. Den kompakte størrelsen gjer det enkelt å ta den med på reiser eller andre aktivitetar. Careousel kan reingjerast med ei fuktig klut. Kassetten kan vaskast i varmt vatn eller i oppvaskmaskin, men ikkje ved meir enn 50 grader.

 

Kontakt

Inger Elise Grotle
Fagansvarleg for tryggleiksalarmar og velferdsteknologi
E-post
Telefon 57 75 14 17
Mobil 90 66 82 07