NetNordic leverer teknologiske hjelpemiddel til heimebuande og institusjonar som sjukeheimar og omsorgsbustader over heile Noreg. Med eit breitt spekter av løysingar og tenester bidreg vi til at menneske med omsorgsbehov kan leve eit sjølvstendig og kvalitetsrikt liv.
Utviklinga av digitale løysingar som effektiviserer helsesektoren går raskt. NetNordic har som mål å realisere potensialet i velferdsteknologi. I samarbeid med kundane kan vi optimalisere og skreddarsy leveransar av helse- og omsorgsprodukt etter marknaden sine behov.
NetNordic er produsent av NetNordic Omsorg (NNO), ein produsentuavhengig plattform for alarmar og kommunikasjon. Løysinga er integrert med dei fleste produkt i NetNordic si portefølje.