Tryggleiksalarm er ein sensor som kan berast som eit smykke rundt halsen eller handleddet. Alarmen er knytt til Alarmsentralen sin responsteneste. Ved alarm kontaktar operatørane på alarmsentralen heimetenesta, eller pårørande - uansett tid på døgnet.
Kommunen vurderar om tryggleiksalarm er hensiktsmessig saman med pasienten og pårørande. Dei ser på faktorar som sjukdom, fallfare, og utryggleik.
Informasjon om søknad finn du på kommunen si nettside eller ved å kontakte dei. Kommunen skal gi skriftleg avgjerd om du får alarm eller ikkje, inkludert grunngjeving ved avslag og informasjon om klagefrist.