Tryggleiksalarmar
Ved utfall i mobilnettet kan dette medføre at tenestemottakarane av tryggleiksalarm og velferdsteknologi ikkje får kontakt med Alarmsentralen eller andre som utstyret er satt opp til å varsle. Det er difor svært viktig at dei kommunalt tilsette og pårørande som arbeider med denne tenesta kjenner til korleis tryggleiksalarmen fungerer for å forstå konsekvens av eit eventuelt utfall i mobilnettet.
Alarmsentralen
Alarmsentralen IKS overvakar utstyret som er utplassert hos tenestemottakarane. Utstyret blir polla kvar time. Mister utstyret kontakt med Alarmsentralen vil operatørane ved sentralen vist mogleg grunna utfallet kontakte dei tilsette i kommunen det gjeld, og informere om at ein ikkje lenger har kontakt med tryggleiksalarm til den aktuelle tenestemottakaren. Ved større utfall kan Everbridge-varsling bli sendt ut for å informere alle ansvarlege slik at tiltak kan settast i gang raskt.
Kommunal teneste
Det er svært viktig at kommunane som ivareteke tenesta for dei som bur heime, har gode rutinar for korleis dei skal handtere situasjonen når feil og manglar oppstår i nettet. Husk at er mobilnettet nede så kan det vere umogleg for Alarmsentralen å få varsla vidare om dette. Det er difor viktig at dei tilsette i heimetenesta kjenner til korleis eit utfall i mobilnettet påverkar tenesta og har gode rutinar for korleis dei skal handtere dette.
Automatiske brannalarmar
Ved utfall i mobilnettet vil ikkje alarmsendar på bygg som er oppkopla mot Alarmsentralen nå fram. Det er difor viktig at eigar av bygg som er kopla opp mot Alarmsentralen sjølve har gode rutinar for korleis dette skal handterast ved eventuelle utfall.