Utgåve 01 april/2025, skrevet for Alarmsentralen IKS av Inger Elise Grotle
Rammeavtale velferdsteknologi
Ny avtaleperiode på Rammeavtale velferdsteknologi trådte i kraft 09.02.2025. NetNordic Norway AS har gjennomført Kick start og Webinar digitalt og arrangert Brukarforum på Skei i mars der alle deltakande kommunar var invitert inn.
I forbindelse med ny Rammeavtale velferdsteknologi skal det også gjennomførast oppstartssamtale med kvar enkelt kommune. Her er vår kontaktperson Ina i NetNordic Norway AS i gang. Dei første samtalane er gjennomførte digitalt og fleire er planlagt utover våren. Frå Alarmsentralen IKS deltek Inger Elise Grotle på dei fleste av desse.
I kontrakten står det at mellom Alarmsentralen IKS og NetNordic Norway AS skal vi avholde kvartalsvise møte. Det første møtet er avtalt i slutten av mai 2025. I forkant er det blitt kalla inn til teams møte med administrative og tekniske kontaktpersonar ute i kommunane. Kommunalsjefar for helse er kalla inn som valfrie. Vi håpar mange har mogelegheit for å delta.
Lifeline Digital 4G tryggleiksalarm

Vi kom til begynnelsen på april før den siste Doro CareIP Mobile tryggleiksalarmen blei bytta med Tunstall Lifeline Digital tryggleiksalarm. MEN no er altså jobben gjort. Godt jobba til alle involverte, både ute i kommunane og inne på Alarmsentralen IKS. Minner om at CareIP Mobile tryggleiksalarm og tilhøyrande utstyr skal i El avfall når det er kopla ned.
Opplæring – Oppfrisking i NetNordic omsorg
Det er stadig utskifting av nøkkelpersonell som jobbar opp mot NetNordic omsorg ute i våre eigar kommunar. Minner om at vi fortløpande gjennomfører opplæring av nytilsette og tilsette som har fått nye roller i organisasjonen som omhandlar å ha tilgang og utføre oppgåver i NetNordic omsorg. Om de ynskjer ein slik gjennomgang i di kommune ta gjerne kontakt med Inger Elise så avtalar vi ein gjennomgang på teams. Eg set av 45 minutt til økta.
NetNordic Norge AS blir NetNordic Care AS

NetNordic Norge AS har informert Alarmsentralen IKS om fylgjande; På bakgrunn av at eHelse/Velferdsteknologi har hatt ein sterk vekst dei siste åra og selskapet ser ein aukande etterspørsel etter løysingane og tenestene deira blir dette forretningsområdet skilt ut og inn i eige selskap som får namnet NetNordic Care AS. Alle medarbeiderne som jobber med dette i dag blir med over i ny juridisk enhet. Planen er å gjennomføre dei formelle overføringane innan utgangen av Mai 2025.
NetNordic community
NetNordic Community er NetNordic sin digitale møteplass og der ein finn oppdaterte brukarveiledninger, produktark og teknisk dokumentasjon på velferdsteknologi som dei leverar. Per i dag er den nede på grunn av oppdateringar og overføring til ny nettside. NetNordic kjem med informasjon om når dette er klart.
Vi håpar dette kan bli ein god digital møteplass for alle våre eigar kommunar og at dette blir ein god plass å søke informasjon vi treng om velferdsteknologien som er i bruk i dei ulike kommunane.
Nettbutikken til NetNordic Norway blei tilgjengeleg i april 2024, alt av velferdsteknologi bestillast der. Kontaktperson for Rammeavtale velferdsteknologi er Ina Marie Brentebråten-Gulbrandsen i NetNordic Norway. På Alarmsentralen IKS er det Inger Elise Grotle som er kontaktperson.
Vi på Alarmsentralen IKS ynskjer alle ei Riktig God Påske!
