Informasjonsskriv desember 2024

Utgåve 04 desember/2024, skrevet for Alarmsentralen IKS av Inger Elise Grotle

Rammeavtale velferdsteknologi

Konkurransen om ny Rammeavtale velferdsteknologi er nå fullført. Tilbudsfrist for leverandørar var satt til 03.12.2024 klokka 12:00. Det kom inn eit tilbod frå vår noverande leverandør NetNordic Norway AS. Faggruppa hadde møte 10 desember og gjorde då ei vurdering av tilbodet. Alternativa vi hadde var å lyse ut anbodet på nytt eller godta tilbodet frå eksisterande leverandør NetNordic Norway AS. Begge alternativa vart vurderte, men det var semje i Faggruppa om å akseptere tilbodet frå NetNordic Norway AS. Sidan det ikkje var fleire tilbydarar og karenstid dermed utgår kan vi allereie no gå ut med informasjon om at Net Nordic Norway AS blir vår leverandør av velferdsteknologi dei to neste åra. På denne avtala som på førre er det mogelegheit for opsjon på 1 år + 1 år. Oppstart av ny avtaleperiode blir 09.02.2025. Vi kjem tilbake med meir informasjon om oppstart på nyåret.

Lifeline Digital 4G tryggleiksalarm

Det er god framgang i bytte frå CareIP Mobile tryggleiksalarm til Lifeline Digital tryggleiksalarm og Velferdsteknologi tilhøyrande desse. Per i dag har alle våre eigar kommunar fått utlevert Lifeline Digital tryggleiksalarm frå Alarmsentralen IKS, så arbeidet med å programmere og klargjere er fullført. Nå gjenstår siste rest av bytte frå CareIP Mobile tryggleiksalarm til Lifeline Digital tryggleiksalarm i dei kommunane som fekk desse utlevert sist. Minner om at CareIP Mobile tryggleiksalarm og tilhøyrande utstyr skal i El avfall når det er kopla ned.

Rapportar i NetNordic omsorg plattforma

Fleire av våre eigar kommunar har hatt gjennomgang via teams på korleis bruker Rapport modulen i NetNordic omsorg. Tilbakemeldingar vi får er at dette har vært nyttig. Spesielt ved vurdering/evaluering av korleis digital teneste fungerar for tenestemottakar. Om de ynskjer ein slik gjennomgang i di kommune ta gjerne kontakt med Inger Elise så avtalar vi ein gjennomgang på teams. Eg set av 45 minutt til økta. 

Vedlikehaldskoffert

Alle våre eigar kommunar skal no ha mottatt nytt innhald til Vedlikehaldskofferten med utstyr for å skifte batteri i alarmknappar. Vi håpar alle har fått oppdatert sin/sine koffertar. Forbruksmateriell og batteri bestiller dere sjølv i Webshop.

NetNordic community

NetNordic Community er NetNordic sin digitale møteplass og der ein finn oppdaterte brukarveiledninger, produktark og teknisk dokumentasjon på velferdsteknologi som dei leverar. Per i dag er den nede på grunn av oppdateringar og overføring til ny nettside. NetNordic kjem med informasjon om når dette er klart. Vi håpar dette kan bli ein god digital møteplass for alle våre eigar kommunar og at dette blir ein god plass å søke informasjon vi treng om velferdsteknologien som er i bruk i dei ulike kommunane.

Nettbutikken til NetNordic Norway blei tilgjengeleg i april 2024, alt av velferdsteknologi bestillast der. Kontaktperson for Rammeavtale velferdsteknologi er Ina Marie Brentebråten-Gulbrandsen i NetNordic Norway.  På Alarmsentralen IKS er det Inger Elise Grotle som er kontaktperson

Vi på Alarmsentralen IKS ynskjer alle ei Riktig God Jul og eit Godt Nyttår!

 

 

Kontakt

Terje Brandsøy
Dagleg leiar
E-post
Telefon 57 75 14 10
Mobil 91 61 28 95
Inger Elise Grotle
Fagansvarleg for tryggleiksalarmar og velferdsteknologi
E-post
Telefon 57 75 14 17
Mobil 90 66 82 07
Roy Humlestøl
Teknisk Ansvarleg
E-post
Telefon 57 75 15 15