Utgåve 02 juni/2025, skrevet for Alarmsentralen IKS av Inger Elise Grotle
Rammeavtale velferdsteknologi
I slutten av mai blei det halde formøte med våre eigar kommunar og det første kvartalsvise møte med NetNordic omsorg som oppfølging til Rammeavtale velferdsteknologi som blei inngått 09.02.2025.
Alarmsentralen og NetNordic starta allerede i april med oppfølging i forbindelse med forbedring på levering av bestilt utstyr då vi erfarte at leveringstida ikkje var innanfor det som var førespeila i avtala. Både vi og våre eigar kommunar opplever levering av bestilte varer innanfor det som er avtalt etter at NetNordic har gått gjennom lagerbehaldning på dei ulike varene og tilpassa den etter behov.
I samarbeid med NetNordic startar vi no opp med å forbedre informasjonen om dei ulike produkta som ein skal finne i webshop og community. Spesielt for teknologi som har eige SIM kort og administrasjonsverktøy ynskjer vi eigne prosessdokument som syner kva som må til før utstyret er klart til å takast i bruk. Eksempel på slikt utstyr er multidosedispensar, Somnofy og nattugla.
Nyheite frå våre eigar kommunar
Vi ser ei auka interesse for å ta i bruk velferdsteknologi i våre eigar kommunar, spesielt teknologi med sjølvstendig SIM kort.
Sist ut er Stryn kommune og Fjaler kommune som har tatt i bruk Evondos multidose dispensar med oppstart i mai i år og Hyllestad kommune som har tatt i bruk Karie multidose dispensar med oppstart i juni i år. Alle tre med varsling gjennom NetNordic omsorg og ut i NNO app.
Opplæring - oppfrisking i NetNordic Omsorg
Det er stadig utskifting av nøkkelpersonell som jobbar opp mot NetNordic omsorg ute i våre eigar kommunar.
Minner om at vi fortløpande gjennomfører opplæring av nytilsette og tilsette som har fått nye roller i organisasjonen som omhandlar å ha tilgang og utføre oppgåver i NetNordic omsorg. Om de ynskjer ein slik gjennomgang i di kommune ta gjerne kontakt med Inger Elise så avtalar vi ein gjennomgang på teams. Eg set av 45 minutt til økta.
NetNordic Norge AS blir NetNordic Care AS
NetNordic Norge AS har informert Alarmsentralen IKS om fylgjande; På bakgrunn av at eHelse/Velferdsteknologi har hatt ein sterk vekst dei siste åra og selskapet ser ein aukande etterspørsel etter løysingane og tenestene deira blir dette forretningsområdet skilt ut og inn i eige selskap som får namnet NetNordic Care AS. Alle medarbeiderne som jobber med dette i dag blir med over i ny juridisk enhet. Planen er å gjennomføre dei formelle overføringane innan utgangen av Mai 2025.
Nettbutikken til NetNordic Norway blei tilgjengeleg i april 2024, alt av velferdsteknologi bestillast der. Kontaktperson for Rammeavtale velferdsteknologi er Ina Marie Brentebråten-Gulbrandsen i NetNordic Norway. På Alarmsentralen IKS er det Inger Elise Grotle som er kontaktperson
Sommarferien står for tur….
Sjølv om været utanfor vindauge ikkje samsvarer heilt med årstida håpar vi alle får ein god sommarferie og ei god sommarferie avvikling ute i dei ulike einingane i våre eigar kommunar.
Vi på Alarmsentralen IKS ynskjer alle ein god og solfylt sommar!
