Utgåve 03 desember/2025, skrevet for Alarmsentralen IKS av Inger Elise Grotle
Dagleg leiar Terje Brandsøy har ordet
Torsdag 13 november gjennomførte Alarmsentralen representantskapsmøte for sine eigarkommunar. På sakslista sto budsjett for 2026 og økonomiplan for dei neste 4 åra. I tillegg blei ein rapport frå PA Consulting presentert. Dette var ein rapport som styret for Alarmsentralen hadde bestilt for å få ei ugilda vurdering av drifta på sentralen. Rapporten er saman med presentasjonen til PA Consulting sendt ut til alle representantskapsmedlemane og deira vara.
- Luster kommune går ut av Alarmsentralen IKS i 2026. Men, budsjett 2026 er likevel utarbeida utan auke i forhold til budsjett 2025.
- Telenor har informert kommunane om ei naudsynt utskifting av alt utstyr som brukar mobilnett over 2G.
- Alarmsentralen har investert og skifta ut alle tryggleiksalarmane for eigarkommunane i 2024 (25) (ca. 5,5 mill). Her har vi ei «bratt» nedbetalingsløysing (5 år) slik at utgiftene til kommunane gradvis framover vil gå nedover.
- Økonomiplanen For dei neste 4 åra tilseier følgjande betaling frå eigarkommunane.
- Sentralen leverer og teneste til andre private bygg / bedrifter (sjå oppsett under). Inntekter frå disse til godskrevet drifta for våre eigarkommunar.
Økonomiplan for eigarkommunane dei neste åra:
Teneste sentralen leverer til sine eigarkommunar:
- Tryggleiksalarm innkjøpt og levert ut til alle kommunane (investering av disse er baka inn i årleg avgift).
- Mottak og formidling av velferdsteknologi.
- Signal anlegg på institusjonar for fleire av kommunane (Alarmsentralen sin felles plattform i NetNordic omsorg).
- Mottak av automatiske Brannalarmar frå kommunale og Næringsbygg (1000 bygg).
- Tekniske alarmar (ca. 4000).
- Heis ( ca. 500 stigande).
- Industrivern (6 store bedrifter i Sogn og Fj).
- Mobilvarsling Heimetenesta (alle kommunane).
- Døgbemanna sentral som yter hjelp og service til pårørende / heimesjukepleie og andre som har ei knytning mot sentralen.
Nyheite frå våre eigar kommunar
Stryn, Stad og Luster kommune har gjennomført eit helseteknologiprosjekt med midlar frå Helsedirektoratet på korleis digitalt tilsyn og søvnmonitorering kan bidra til betre søvn, tryggare tenester og meir målretta ressursbruk ute i kommunane.
Dei har laga eit webinar. Eg oppfordrar alle til å gå inn her å sjå for å få meir innsikt i korleis Somnofy fungerar (Tilgjengeleg fram til 15 februar, 2026).
Net Nordic Norway AS har blitt Netnordic care AS
13 november 2025 informerte NetNordic eHelse om at dei har blitt NetNordic care. Det er frå denne dag eit eige selskap i NetNordic-familien, med eit tydelig oppdrag. Å gjere kvardagen enklare, tryggare og meir proaktiv for kommunar, helsepersonell og brukarar.
Namnet er nytt, men du treff dei same menneska og Rammeavtale velferdsteknologi er overført med same betingelsar til NetNordic care. I forbindelse med fusjoneringen er det lansert nye nettsider; www.netnordic.care
NetNordic care informerer om at pga flytting av lager frå Stavanger til Lysaker kan ein forvente forsinkelsar på leveranser i veke 51 og 52
God Jul og Godt Nyttår til alle tilsette i våre eigar kommunar!
