Utgåve 02 juni/2026, skrevet for Alarmsentralen IKS av Inger Elise Grotle
Beate Kalland, ny dagleg leiar på Alarmsentralen IKS
Beate er utdanna sjukepleiar frå 2014 og har ein master i helseinformatikk frå 2023. Ho har erfaringsbakgrunn både frå spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta, samt SysIKT. På Alarmsentralen IKS starta ho allereie tilbake i 2008 som ferievikar og har etter endt utdanning både vært tilsett i dagstilling og som operatør i turnus. Ho kjenner med andre ord organisasjonen godt og med henne har vi fått ein leiar med helsefagleg bakgrunn og fokus på å vidareutvikle Alarmsentralen IKS som eit responssenter for våre eigar kommunar.
Nyheiter frå netnordic care
Ny webshop
NetNordic care lanserer ny Webshop i løpet av juni månad. I overgangen til ny Webshop anbefaler NetNordic care at det i tillegg til bestilling via Webshop blir sendt ein kopi av bestillinga i e-post til Ina. Dette for å sikre at alle bestillingane blir iverksatt.
Oiva Health
På vegne av NetNordic care har vi gleden av å presentere Oiva Health som ny underleverandør under felles Rammeavtale velferdsteknologi. Oiva Health er eit finsk selskap som er ein av dei fremste aktørane innan digital heimesjukepleie, med over 100 implementeringar og meir enn 3 millionar digitale heimebesøk årleg. Modellen deira er den mest etablerte i Norden og har satt standarden for korleis digital heimesjukepleie kan forbedre kvaliteten, tilgjengelegheita og effektiviteten innan heimesjukepleie.
Digital heimesjukepleie er forholdsvis nytt i Norge per i dag, men satsa stort på i våre nordiske naboland. Alarmsentralen IKS ynskjer å nå ut til våre eigar kommunar med informasjon om dette. Vi starter med å kalle inn til eit webinar over sommaren, den 26 august. Webinaret er i regi av Oiva health.
Kontaktperson for Rammeavtale velferdsteknologi i NetNordic care er
Ina Marie Brentebråten-Gulbrandsen
Kontaktperson på Alarmsentralen IKS er
Inger Elise Grotle
Nyheite frå våre eigar kommunar
Vi ser ei auka interesse for å ta i bruk velferdsteknologi i våre eigar kommunar, spesielt teknologi med sjølvstendig SIM kort.
I 2025 starta 4 kommunar med Karie multidose, 3 kommunar med Mobili, 2 kommunar med Evondos multidose, 1 kommune med Nattugla og 2 kommunar med Somnofy/Gardian H10.
Per i dag i 2026 har ytterligare 2 kommunar starta med Nattugla og 1 kommune starta med Somnofy/Guardian H10. Vidare er det fleire kommunar som er i oppstartfasen med desse to teknologiane.
Ta kontakt om di kommune vurderer oppstart, Alarmsentralen hjelper dere i gang saman med vår leverandør NetNordic care!
Fagdagane på Skei i April
Vi takkar for godt oppmøte på fagdagane som blei arrangerte på Skei for tilsette og leiing 28 og 29 april. Det var lærerike og nyttige dagar! – og kjekt å treffe dere alle! Ny fagdag blir våren 2027.
Til hausten planlegg vi å starte opp med webinar for tilsette ute i dei ulike einingane. Webinar blir ein ny «kanal» for enkelt å nå ut til tilsette med opplæring/oppfølging på. Tanken er at det skal gjerast opptak slik at webinaret blir tilgjengeleg i ein periode.
Sommarferien står for tur
Har dere tilsette som har nødvendige tilgangar i NetNordic care gjennom sommaren for å kunne ivareta dei digitale tenestene i di kommune?
Om ikkje ta gjerne kontakt med oss på Alarmsentralen IKS så ordnar vi ei opplæring og/eller oppfølging via teams.
Sjølv om været utanfor vindauge ikkje samsvarer heilt med årstida håpar vi alle får ein god sommarferie og ei god sommarferie avvikling ute i dei ulike einingane i våre eigar kommunar.
Vi på Alarmsentralen IKS ynskjer alle ein god og solfylt sommar!
