Historie

Oppretting av Alarmsentralen Sogn og Fjordane.

Alarmsentralen i Sogn og Fjordane blei oppretta i 1982 og var då eit samarbeid mellom kommunane og Televerket ved at sentralen blei bemanna og delvis lønna med televerkspersonell. 01.06.1994 blei dei tilsett overført frå TNM (Televerkets Nye Muligheter) til Alarmsentralen Sogn og Fjordane.

Alarmsentralen blei oppretta etter tilrådingar frå staten om at sentralen kunne drivast med éin person på vakt. Hovudoppgåva var å ta imot 110-brannmeldingar og å utkalle brannvesenet ved hjelp av tyfon. Frå og med 01.01.2007 har sentralen vore bemanna med to operatørar heile døgnet.

 

  • I desember 2007 Blei Alarmsentralen og Politiet i Sogn og Fjordane samlokalisert som ein av dei første sentralane i Noreg. Det var eit nært og godt samarbeid som handterte nokon av dei største hendingane som Noreg har hatt i den seinare tid.
  • Uværet Dagmar i 2011
  • Tunnelhendingane Gudvanga 1 og 2
  • Brannen i den undersjøiske skatestraumtunnelen der ein tank med 16500 liter bensin har tatt fyr og eksplodert. 
  • Sentralane opplevde og å styre brannen i Lærdal der store delar av sentrum blei råka. 60 bygningar blei råka og 42 bygg blei totalskadde.
  • I 2017 blei det skilsmisse mellom 110 og 112 i Sogn og Fjordane. Politiet sin 112  operasjonssentral blei flytta til Bergen. Eit 10 år gammalt samarbeid var over.Frå 01.02.2021 blei naudmeldetenesta 110 og utalarmering av brannvesen flytta til 110-Vest, Bergen. 


Alarmsentralen IKS skal halde fram som eit respons og kompetansesenter for sine eigar kommunar, med hovudvekt på tryggleiksalarmar og velferdsteknologi. Vidare vil sentralen halde fram med mottak og formidling av automatiske alarmar som Brann - Heis - og andre tekniske alarmar.