Lokaliseringsteknologi

Safemate Trigger Two 4G

Safemate Trigger 2 – 4G er ein mobil tryggleiksalarm som ved eit knappetrykk ringer opp til fire førehandsdefinerte telefonnummer. Når systemet veit kva for ein av alarmmottakarane som har svara på alarmen, blir posisjonsdata sendt via SMS til alle mottakarane. Konfigurering av Safemate føregår gjennom nettlesar på PC eller smarttelefon.

Safemate har mange nyttige funksjonar, inkludert geofence, batterivarsel, GPS- og WiFi-sporing. Ein kan ringe direkte til Safemate (om ein er lagt inn som alarmmottakar). I tillegg kan ein velje å knytte seg til Alarmsentralen.

Safemate Trigger four

Safemate Trigger Four er ein GPS- og 4G-basert mobil tryggleiksalarm med tovegs tale. Den kjem med bordlader DS2 (valfri), ladekabel, adapter og halsreim. Safemate Trigger Four ringer opp til fire førehandsdefinerte telefonnummer ved eit knappetrykk, og sender posisjonsdata via SMS til alle mottakarane.

Safemate har mange nyttige funksjonar, inkludert geofence, batterivarsel, GPS-sporing og autosporing. I tillegg til GPS-sporing, bruker Trigger Four også WiFi og Bluetooth for betre posisjonering innandørs. Ein kan ringe direkte til Safemate (om ein er lagt inn som alarmmottakar). I tillegg kan ein velje å knytte den til NetNordic Omsorg for varsling til personalet på mobil i NNO App. Enheten er enkel å lade med bordladeren, og konfigurering føregår gjennom nettlesar på PC eller smarttelefon.

Safemate Watch 5 

Sensio sin nyeste GPS Wach 5 Safemate Watch 5 er en 4G-basert klokke som lokaliserer ved hjelp av GPS/Wi-Fi og som med et knappetrykk varsler mottakere.
Safemate Watch 5 har en rekke nyttige funksjoner, herunder geofence, batterivarsel, lokalisering ved hjelp av GPS/GNSS og Wi-Fi, for å gi bedre posisjonering også når den befinner seg innendørs. Man kan ringe direkte til Safemate (om man er lagt inn som alarmmottaker).

Kontakt

Inger Elise Grotle
Fagansvarleg for tryggleiksalarmar og velferdsteknologi
E-post
Telefon 57 75 14 17
Mobil 90 66 82 07