Røykvarslar

Røykdetektor TX4 Litium 

Tunstall sin Røykdetektor TX4 Litium er ein trådlaus optisk røykvarslar som er designa for å oppdage røykpartiklar og gi eit tidleg varsel om brann skulle oppstå. Røykdetektoren er eigna for alle som bur heime og har behov for auka tryggleik.

Røykdetektoren blir enkelt installert i taket i utvalde rom i heimen. Når røyk blir oppdaga, blir to alarmer aktivert. Den eine alarmen varslar med lyd som blir høyrt tydeleg i bustaden. Den andre alarmen blir automatisk sendt til tryggleiksalarmen eller pasientvarslingssystemet, som straks sender alarmen vidare til responssenteret. Responssenteret kan deretter varsle naudetenesta ved behov.

Opptil 12 røykdetektorar kan koblest saman i eit system. Om ein røykdetektor oppdagar røyk og utløyser ein alarm, blir radiosignal sendt til andre røykvarslarar som då også vil varsle. Detektoren har ei rekkevidde på opptil 50 meter, avhengig av plassering, utforming og konstruksjon av bygningen. Avstanden mellom to røykvarslarar skal ikkje overstige 12 meter.

Kontakt

Inger Elise Grotle
Fagansvarleg for tryggleiksalarmar og velferdsteknologi
E-post
Telefon 57 75 14 17
Mobil 90 66 82 07